Randi tok med seg gamle kunster og holdt minikurs for oss!
I dag kom Randi Kårdal på besøk i Tegnesmia. Ho hadde med seg to store permer. Stappa med gamle skisser, tegninger, utklipp og andre ting.
Me hadde egentlig ikkje ein kjempe plan. Ho ville hjelpe med å få oss til å forstå korleis ein kan overføre positurer til arket. Ho snakka mykje om å få modellen til å være "grounded". At det ser ut som at modellen står godt planta på bakken og ikkje svever i lufta, på godt norsk.
Det at me ikkje hadde nokke plan utvikla seg egentlig til at me plutselig sto modell for kverandre.
Utfordringen var egentlig 3 minutter pr modell. Men det utvikla seg til 15 minutt. Det var utrulig gøy og lærerikt. Utfordrande å holde seg til tidsfristen, men litt av poenget er at ein skal gje slepp på detaljeorientering og kjøra på.
Ho ville også vise oss ein annen form for tegning. Ved bruk av å splashe kaffi på aquarellark, så kan ein få dei flottaste motiv. Me blei ikkje ferdig med dette i kveld, men Randi kjem igjen neste Onsdag. Litt av greien her er at ein skal sjå etter motiv i det kaffien har forma på arket.
Eg må berre beklage, men eg glømte å ta bilde av alle sine skisser denne gangen. Så for å vise ka me holdt på med er det faktisk berre mine skisser i fokus. Eg legg meg flat!
Av: Kim-André Kårdal