Av Kim-André Kårdal
I dag var det første tegnekveld i Tegnesmia vår!
Tusen takk til dei som møtte opp! Det blei ein veldig innholdsrik og kjekk ettermiddag.
Det kom faktisk ei som sa ho ikkje kunne tegna, men me alle blei imponert øve ka ho presterte mens ho var der. Ho produserte 2 tegninger mens Kim-André brukte 2 timer på ei hånd han blei så-som-så nøgd med... Hehe!
_Her er ei av tegningane hennas. Ho fekk mykje skryt av kor levande treet såg ut.
Her har me ei som har som hobby å tegne design for Spreadshirt t.v, og ei som studerar kunst t.h.
Var veldig flott å bli kjent med fleire på Osterøy som driv med tegning og maling eller som har lyst å lære.
Ei av deltakarane i dag var Hege Nygaard. Ho har nylig blitt online kunststudent. Etter mykje interessante samtaler endte det faktisk med at Hege blir den aller første kursholdaren vår. Det var utrulig kult at ho går all in og vil lære vekk teknikker. Første kursdag vert Onsdag 19. Mars. Då skal me starte "kurs i grunnleggende tegneteknikk". Kurset vert gratis og vil inneholda da du treng til å utvikla deg vidare. Meir info kjem!
Etter ein times tid kom vår alles Bygdnaytt-Anders ramlande inn døra. Han ville berre sjekka ka me balte med, men blei kvikt oppfordra til å tegna ein fugl. Han stilte opp og utførte ein fin tegning av ei kjøttmeis. Sprekt!
Tegningen til Anders Totland. Foto: Anders Totland
Artikkelen om oss kom "på trykk" nesten ganske på direkten.
Et lite utdrag må være lov. Foto: Bygdanytt.
Takk for ein flott start, og så håper me det vil komme fleire etterkvert!
Avslutter med bilder av alle tegningane som blei produsert i dag.
Foto: Anders Totland